Ny dagleg leiar i GulenSkyss

Frå og med 1. juli 2020,  vil reiaren vår Per Vold tre til side som dagleg leier i GulenSkyss AS.

Per har vore dagleg leiar i heile 49 år, heilt sidan han starta som geskjeften i 1971 som grundar av Per Vold reiarlag, seinare Gulen Skyssbåtservice AS. Her jobba han både som dagleg leiar og skipper i ein spanande og krevjande skyssfart. Han køyrde både skule- og bygderuter, og var skyss for lege, prest, veterinær, og andre som hadde trong for maritim transport.

Frå 2014 byrja reiarlaget og drive med både skyssbåtar og ferjer og endra difor namnet til GulenSkyss AS.
Per Vold vil framleis være engasjert i reiarlaget sjølv om det no kjem ny dagleg leier.

Ny dagleg leiar i GulenSkyss AS er Frode Sønstabø.  Frode er 48 år, oppvaksen på Espevær, men bur med kone og to born på Husnes. Han er utdanna sjøkaptein og var med på å drive familiereiarlaget Sønstabø Shipping fram til det vart seld 2005. Same år starta han i Eide Marine Services, der han var kaptein på AHTS og nedsenkbart tungløftsfartøy, før han gjekk på land og vart inspektør, prosjektleiar og seinare dagleg leier i Eide Marine Design. Dei siste 4 åra har han arbeidd som konsulent i eiga verksemd med hovudfokus på prosjektutvikling og tenester til maritim- og offshore bransjen.
Frode skal arbeide ut frå kontoret i Eivindvik.

GulenSkyss driv for tida sambanda: Espevær-Eidesvik, Hellesøy-Hernar.
Ferjerute mellom Daløy-Haldorsneset og mellom Mjånes-Hisarøy.
I tillegg driv vi Noregs travlaste ambulansebåt i Sunnhordland.

GulenSkyss AS er i dag eit moderne reiarlag med 30 dyktige tilsette og er i ein god posisjon for vidare vekst.

Daniel Kvernøy