Stillingsutlysing skipsførar - 3 stykk

GulenSkyss er etablert med kontor i vakre Eivindvik som ligg i Gulen kommune på sørsida av Sognefjorden, yst mot havet.

For tida driv me fire rutesamband i Hordaland og Sogn og Fjordane på oppdrag frå fylkeskommunane. I tillegg til dette har me ein del charterkøyring i sommarhalvåret, samt sporadiske turar utover heile året. Me tilbyr også transporttenester til olje- og offshorenæringa, blant anna med mannskapsbyter, standbyfartøy, osv.

GulenSkyss har vunne anbodet om drift av ambulansebåt i Sunnhordalandsbassenget. I samband med det så har me ein ny ambulansebåt under bygging. Denne båten vil verte bemanna av skipper og maskinpassar. Me skal starte opp på Sunde frå 1.april 2019 og treng difor 3 maskinpassarar/lettmatros med hurtigbåtkvalifikasjonar. Stillinga er ei 100 % stilling i ein 1:2 rotasjon. Ei veke på, to veker av.

Merk at alle søknadar skal sendast inn via søknadsskjemaet under. Ha klar CVen din for opplasting.

Kvalifikasjonar:

  • Minimum D4 med førarrettigheiter for hurtigbåt (Evt. gamalt Kystskippersertifikat med tilsvarande rettigheiter).

  • Godkjent helseattest.

  • Krise- og passasjerhandteringskurs.

  • ROC  GMDSS – sertifikat.

  • Tryggleikskurs (IMO 80)

  • Medisinsk behandling

  • God ISM og IT kunnskap.

Det er ein fordel om søkaren har erfaring frå liknande arbeid.  
Det er også ein fordel med teknisk kompetanse. Det er berre 2 mannskap ombord på båten, så det er viktig at alle bidreg både på dekk og i maskin.

Vi ser etter deg som har:

God kommunikasjonsevne, er positiv, påliteleg, fleksibel, kvalitetsbevisst og har evne til å “stå på”.

Med gjer merksam på at det trengs førarrettigheiter for hurtigbåt.

Stillingsprosent: 100 %
Lønn: I samsvar med tariff/etter avtale (Fastlønsavtale)
Søknadsfrist: 21. oktober 2018
Tiltreding: I tidsrommet 1. mars 2019 - 1. april 2019

Dersom du har spørsmål til stillinga, kontakt driftsleiar Daniel Kvernøy på telefon 911 20 932 (0800-1600 på kvardagar).


Gasta Design