Om oss

Fedje2-1.jpg

GulenSkyss AS

GulenSkyss er etablert med kontor i vakre Eivindvik som ligg i Gulen kommune på sørsida av Sognefjorden, ytst mot havet. GulenSkyss vart starta som eit enkeltmannsføretak i 1971 under namnet Per Vold Rederi. I 2002 blei føretaket endra til aksjeselskap og det nye namnet vart Gulen Skyssbåtservice AS. I samband med ruteutviding og omorganisering av reiarlaget endra føretaket i 2014 namn til GulenSkyss AS.

For tida driv me fire rutesamband i Hordaland og Sogn og Fjordane på oppdrag frå fylkeskommunane. I tillegg til dette har me ein del charterkøyring i sommarhalvåret, samt sporadiske turar utover heile året. Me tilbyr også tenester til olje- og offshorenæringa, blant anna med mannskapsbyter, standbyfarty, osv.

GulenSkyss er eit reiarlag med hovudkontor i Eivindvik i Gulen kommune i Sogn og Fjordane. Her held me til i 2. etasje i bankbygget til Sparebanken Sogn og Fjordane. GulenSkyss har i dag 19 tilsette, som er fordelt mellom 16 skipsarbeidarar og 3 i administrasjonen.

GulenSkyss opererar 4 ulike rutesamband i Hordaland og Sogn og Fjordane. I Sogn og Fjordane driftar me landets fyrste batteridrevne ferje på oppdrag frå Wergeland AS, som igjen har kontrakt med Statens Vegvesen. Denne ferja går frå Mjånes på fastlandet og til øya Hisarøy.

I 2013 deltok me i ein anbodskonkurranse i regi av Skyss/Hordaland fylkeskommune. Me vant konkurranse på «Rutepakke 2». Rutepakke 2 består av sambandet Espevær-Eidesvik i Bømlo kommune og sambandet Hellesøy – Hernar i Øygarden kommune. Rutepakke 2 har ei varigheit på 10 år, med 2 år + 2 år i opsjon. Oppstart på dette sambandet var 1. januar 2014.

Hausten 2014 deltok me i ein ny anbodskonkurranse i regi av Skyss, denne gong på ferjesambandet Klokkarvik – Hjellestad i Bergen og Sund kommunar. 1. oktober 2014 overtok me drifta av dette sambandet, og kontraktslengde var ut 2018 + 1 år opsjon. Hausten 2015 fekk me beskjed om at opsjonen blir brukt, slik at me skal drifte dette sambandet ut 2019.

I tillegg til dei nemnde oppgåvene ovanfor har me og fleire farty som fungerar som reserve- og utleigefarty. I sommarhalvåret køyrer me ein god del charterturar i Bergen- og Nordhordlandsområdet. Me kan levere alle formar for tenester innanfor persontransport til sjøs.


Per Strand Vold

Dagleg leiar

Per starta det selskapet som no er blitt GulenSkyss i 1971, og er dagleg leiar og eigar av selskapet. Per har sidan starten vore skipper på dei ulike fartya, og han fungerer fortsatt som reserveskipper dersom det trengst.

E-post: per@gulenskyss.no

Daniel Olai Kvernøy

Driftsleiar

Daniel vart tilsett i GulenSkyss i 2013, i samband med at det var trong for oppbemanning når ein skulle gå inn på dei nye kontraktane med Skyss.


E-post: daniel@gulenskyss.no

Silje Flåten

Kontor- og personalansvarleg

Silje vart tilsett i byrjinga av 2015. Ho har ansvaret for det administrative på kontoret. Samt alt som har med løn og personalarbeide.

E-post: silje@gulenskyss.no

GulenSkyss si historie

mb-trio.jpg

M/B Trio – Den fyrste båten i reiarlaget

I 1971 så skipa Per Strand Vold, Per Vold Rederi som eit enkeltmannsføretak. Per skipa selskapet og tok over båten M/B Trio etter onkelen sin. Trio fungerte godt i fleire år, men det var ein gamal båt. I ein alder av 23 år så kontraherte Per sitt fyrste nybygg. Dette var båten «Tinganes» som vart bygd hos Brødrene Aa i Hyen. Drifta dreia seg om skyss av passasjerar i øyene i Gulen, samt skyss av doktor, vetrinær, prest, osv. Oppdragsmengda auka, og nye farty blei kjøpt inn. Selskapet har hatt totalt 3 farty av typen Westcraft 37. Dette er velkjende rutebåtar i dei fleste øysamfunn langs Kysten. Fartya heitte «Åshild», «Askepott» og «Rødhette».

tornerose-1985.jpg

M/S Tornerose vart levert i 1985

I 1985 var det tid for endå eit nybygg. Denne gongen vart også Brødrene Aa valt som leverandør, og i 1985 blei Tornerose levert frå verftet. Tornerose er ein hurtiggåande passasjerbåt som tar 48 passasjerar. Tornerose har sommaren 2015 gjennomgått 30-årsklassing, og fungerar tipp topp den dag i dag! I starten så blei Tornerose sendt til Oslofjorden for å ta hand om oppstarten av ruta mellom Fornebu og Oslo. Frå 1991 til 2013 har Tornerose operert i dei faste rutene i Gulen kommune. Ruta vart seinare utvida både til Solund og Austrheim kommune. På denne ruta transporterte me 48 skuleelevar kvar dag over Fensfjorden, samt at me kryssa Sognesjøen 4 gongar dagleg. Dagleg distanse for desse rutene var om lag 145 nautiske mil, og me hadde dagleg om lag 30-40 stop

På slutten av 80-talet så bygde selskapet sitt tredje nybygg. Dette var båten Askepott. Askepott blei levert i 1988 frå Båtutrustning AS på Bømlo. Askepott var 25 meter lang og hadde 3 innanbords dieselmotorar kopla til kvar sin vassjet. Toppfart var 44 knop. Seinare blei Askepott forlenga med 2,5 meter, og vassjettane blei bytt ut med 2 innanbords dieselmotorar med vridbare propellar frå Servogear. Askepott tok 117 passasjerar. Askepott har gått i mange ruter på kysten, frå Kristiansund i nord til Slemmestad i aust. Askepott blei selt til utlandet i 2009. I 2002 blei selskapet omdanna frå enkeltmannsføretak til eit aksjeselskap. Den nye namnet var Gulen Skyssbåtservice AS.

I 2009 kjøpte me Marine Express. Marine Express vart bygd på West Products AS i Måløy i 1985. Marine Express tar 64 passasjerar. Marine Express gjekk om lag 4 år i ei skulerute på Sunndalsøra, og vart ferdig der i august 2014.

Me fekk dessverre ikkje fornya kontrakten vår på lokalrutene i Gulen, Solund og Austrheim. Og 1. januar 2013 stod me då utan køyring på Tornerose. Heldigvis klarte me å vinne eit anbod på skuleruta mellom Tysnes og Os. Det sikra oss køyring på Tornerose ut 2013.

I løpet av 2013 så vant med kontrakten for Rutepakke 2 i Hordaland, med oppstart 1. januar 2014. Me kontraherte difor eit nybytt hos Måløy Verft. Dette var den 24 meter lange katamaranen Rose Ekspress. Rose Ekspress kan ta 47 passasjerar og 2 bilar. I tillegg kjøpte me inn fartya Brottøy frå Torghatten Nord. Brottøy bygde me om, og døypte Øyrosa. Øyrosa går i dag på sambandet Hellesøy – Hernar, mens Rose Ekspress går i Espeværruta.

Hausten 2014 vann me anbodet på drifta av ferjesambandet Klokkarvik – Hjellestad. Då kjøpte me inn ferja Sundferja for å gå som hovudfarty i sambandet, samt den gamle ferja Fjordgar som hadde gått der tidlegare. Fjordgar hadde vore ein snartur i Finland og fått nye fargar og nytt namn, men når me tok den innatt i Noreg så døypte me den Rosesund. I samband med at me starta med ferjedrift, døypte me om selskapet til GulenSkyss AS.