Reservering av billettar Hellesøy – Fedje

Det har i 2017 vore til tider særs stor etterspurnad etter billettar på rundturen til Fedje frå Hellesøy, og fleire gongar har uheldige passasjerar stått igjen på kaia pga. full båt. Eit reservasjonssystem blei laga til på kort varsel og var operativ etter to veker.

Nytt av året er at me tilbyr sal av billettar via nettsida vår. Det vil såleis ikkje vere mogleg å reservere billettar, men det vil vere mogleg å førehandskjøpe billettar.

Me reknar med at bookingsystemet er oppe i løpet av veke 20. Meir informasjon vil komme då.

 

Gasta Design