Nye priser på båtsambandet Espevær – Eidesvik

Frå og med 1. juli vil båtruta Espevær-Eidesvik bli inkludert i sonesystemet og prisa på same måte som Skyss sine bussar i Vestland, samt bybane og nokre andre båtsamband i Vestland.

Endringa er politisk bestemt.

For vaksen vil ein 30-dagars periodebillett koste 755 kroner for ei sone og inkludere reiser med buss i same sone. Ein enkeltbillett for vaksen blir 40 kroner for ei sone og inkluderer også reiser med buss i same sone. Båtruta høyrer til sone C.

Sal av billettar om bord:
De seljes nå berre enkeltbillett og 24-timars billett om bord.

Skysskort: Ingen endringar. Enkeltbillettar og 24-timars billettar som de sel om bord kan lagrast på Skysskort dersom reisande har slikt kort. Den reisande må ta vare på kvitteringa dersom den reisande skal bruke billetten også på buss.

Reisepengar på Skysskort: Reisande som har reisepengar på Skysskortet kan bruke desse som før.

Favoritt: Ingen endring, men dersom nokre reisande har brukt Favoritt på båten tidlegare, så må billettør hjelpe kunden til å registrere ny billett som Favoritt.

Andre måtar å kjøpe billett på
Dersom den reisande ønskjer å kjøpe periodebillett, må den reisande gjere dette i appen Skyss Billett eller i nettbutikken på skyss.no. Den reisande kan også kjøpe enkeltbillettar med SMS.

Viktig informasjon om appen Skyss billett og Skyss nettbutikk
Båtruta Espevær – Eidesvik vil frå 1. juli vere fjerna under valet for kjøp billett til Båt i Hordaland. Reisande som spør vil få informasjon om at dei frå no av skal kjøpe billett til buss og velje frå- og til sone C. Eventuelt kan reisande søke etter haldeplass frå Espevær båtkai til Eidesvik båtkai (eller omvendt). Då blir det laga billett for sone C.

Reglar og billettar

Billettypar
Enkeltbillettar og periodebillettar 7-, 30-, og 180-dagar er som før, med den endringa at dei no gjeld for ei eller fleire soner. Enkeltbillettar er gyldige i 90 minutt for ei sone, og blir gyldige i ytterlegare 30 minutt for kvar ekstra sone billetten gjeld for.

Nye billettypar:

• 24-timars billett: Billetten gjeld i 24-timar frå kjøpstidspunktet.

Det er ingen endringar for ungdomsbillett.

Endringar i aldersgrenser og reglar for rabatt frå og med 1. juli

  • Aldersgrense barn: Reisande blir rekna som barn frå 6 år til og med 17 år. Kategorien vaksen gjeld no frå og med 18 år.

  • Student: Studentar får ikkje lenger rabatt på enkeltbillettar, men får som tidlegare 40 prosent rabatt på periodebillettar.

  • Militær: Militær har ikkje rabatt på enkeltbillett.

Familierabatt – ny rabatt
Med familierabatt kan ein reisande over 18 år ta med seg inntil fire barn frå 6 til og med 17 år, gratis. Familierabatten gjeld berre på laurdagar, søndagar og offentlege fridagar.

Rabatten gjeld frå 1. juli på Skyss sine bussar i Vestland, Bybanen i Bergen, og nokre båtsamband i Vestland, inkludert Espevær-Eidesvik. Det blir gitt rabatt til vaksne reisande over 18 år (vaksen, honnør, student, militær) som har gyldig enkeltbillett, 24- timarsbillett eller periodebillett.

Grupperabatt
Det vert frå og med 1. juli gitt 17 prosent rabatt for vaksen når 10 eller fleire reiser saman på enkeltbillett.

Skolekort
Det er ingen endringer for bruk av skolekort.

Refusjon
For refusjon må den reisande ta kontakt med Skyss.

Gasta Design